Det lettar snart, Solveig Johanne Grønstøl

329,-

Dikta i Det lettar snart utforskar relasjonar og plukkar opp kjensler, stemningar og fargar i mellommenneskelege forhold, i natur og landskap, og set desse opp mot kvarandre og sidan av kvarandre.

«Ho kan kunsten å romma livet og setja ord på det som kan vera vanskeleg å setja ord på». Det er den raude tråden i det som vert sagt om dikta til Solveig Johanne Grønstøl. Poesien hennar har dei seinare åra funne veg til fleire utgjevingar, både antologiar og fagbøker, og vert brukt i gravferder, vigslar, i behandling og rehabilitering av slagpasientar for å nemna noko. Ho har også skrive poesi for scenekunst i samarbeid med internasjonalt anerkjende aktørar. Det lettar snart er Solveig si tredje bok, og er nydeleg illustrert med hennar eigne foto.

«Det lettar snart» er ei kjempefin gåve til deg sjølv eller nokon du er glad i.